Bouvetøyi
Eg har hatt gjester på bloggen min frå mangt eit land i laupet av det siste året der eg har logget kor dei kom frå, men ein gjest i går slo likevel rekorden: Han var frå Bouvetøyi!
Wikipedia skriv at Bouvetøyi er ei øy i Søratlanteren som er under norsk suverenitet. Ho er den mest avsidesliggjande ubebudde øy i verdi og ligg 1700 km frå nærmaste land, Dronning Maud Land.
Den best mogelege måten å byrja dagen på
I dag morgon då Phyllis og eg kom køyrande på motorvegen på veg til arbeid, vart bilen hennar brått ustabil. Diverre var det ingen rabatt, men ho klarde å køyre bilen fram til fyrste avkøyring der eg fekk moro av å skifte dekk.
Me fekk eit lite sjokk då me såg hjulet (sjå bildet) – det var heilt øydelagt.
Phyllis sagde seinare noko tull om å det var den best mogelege måten å byrja dagen på. Kva ho meinte var at det var betre eg var med ho, at det var gott ho ikkje køyrde for fort, og at vêret var gott, men eg kan kor som er tenkje på mange betre måtar å byrja han på!















